Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til justis- og beredskapsministeren

Om ungar som har vore utsette for vald eller overgrep, og kor lang tid justisministeren ser for seg at han vil bruka før han kjem ned til lovens krav om 14 dagars saksbehandlingstid for dommaravhøyr av desse ungane

Datert: 26.11.2014
Besvart: 26.11.2014 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Vald mot ungar er eit alvorleg samfunnsproblem, og me må påta oss å snakka for desse ungane. Justisminister Odd Einar Dørum var veldig oppteken av dette, Knut Storberget var veldig oppteken av dette, og under Stoltenberg II-regjeringa gjekk Noreg frå å ha ingen barnehus til å ha ti barnehus, der ungar som har vore utsette for vald eller overgrep, kan få skikkeleg oppfølging – rettsleg og medisinsk. Den justisministeren me har no, har allereie rekt å få kritikk frå organisasjonane på feltet for å ha vore for usynleg.

I budsjettet til regjeringa står det at saksbehandlingstida for dommaravhøyr skal vera på 30 dagar innan 2014. I handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, som kom for ei snau veke sidan, berre ein månad etter statsbudsjettet, står det at saksbehandlingstida skal vera på 40 dagar – med andre ord ser det ut til at tempoet til justisministeren er skrudd ned i løpet av relativt kort tid. Det står ingen mål om kva tid ein skal ned på lovens krav om 14 dagar, og det er ingen måltal for 2015.

Spørsmålet mitt er kor lang tid justisministeren ser for seg at han vil bruka før han kjem ned til lovens krav om 14 dagars saksbehandlingstid for dommaravhøyr av desse ungane.


Les hele debatten