Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden vil endra regelverket slik at det vert gratis å føda i Noreg for dei som ikkje har fast opphald i riket

Datert: 04.02.2015
Besvart: 04.02.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Aftenposten kunne 29. januar melda om ei 28 år gamal papirlaus etiopisk kvinne som i november i fjor fødde ein gut ved keisarsnitt på Sykehuset Levanger. Etter fødselen fekk ho ei rekning frå sjukehuset på 52 000 kr som betaling for behandlinga i samband med fødselen. Som papirlaus har ho ikkje anledning til å ta seg løna arbeid. Barnefaren og sambuaren er norsk statsborgar og har 100 pst. stilling i Levanger kommune.

I forskrifta om rett til helse- og omsorgstenester til personar utan fast opphald i riket, som trådde i kraft 1. januar 2012, heiter det at «alle personer som oppholder seg i riket, har rett til øyeblikkelig hjelp» og til «helsehjelp som ikke bør vente».

Forskrifta har ingen reglar om betaling for helsehjelpa. Departementet har i rundskriv vore tydeleg på at dei som ikkje har fast opphald i riket, sjølve må dekkja kostnadene ved behandlinga fullt ut, men det kan ikkje krevjast betaling på førehand. Dersom pasienten ikkje kan dekkja utgiftene sjølv, er det presisert at sjukehuset må dekkja utgiftene. Det er dette regelverket som er grunnlaget for at Sykehuset Levanger sende ei rekning på 52 000 kr for fødselen.

Oppslag i media viser at det er heilt ulik praksis ved sjukehusa i Noreg på dette området. I Stavanger dekkjer sjukehuset kostnadene, i Kristiansand sender ein faktura til pasienten. Dette viser at dagens regelverk er uklart. Om retten til strakshjelp skulle vera avhengig av betalingsevne, er retten ein illusjon. Om fødande kvinner ikkje skal få vita om dei får rekning i posten etter fødselen, kan konsekvensane vera alvorlege.

Mitt spørsmål er om helse- og omsorgsministeren vil endra regelverket slik at det vert gratis å føda i Noreg.


Les hele debatten