Muntlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til olje- og energiministeren

Om korleis Noreg skal bidra til å få ned klimagassutsleppa i verda, og kva konsekvensar ambisjonar og kutt vil få for norsk energipolitikk framover

Datert: 04.02.2015
Besvart: 04.02.2015 av olje- og energiminister Tord Lien

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): I dag la regjeringa, Kristeleg Folkeparti og Venstre fram ein felles strategi for korleis Noreg skal bidra til å få ned klimagassutsleppa i verda. Som ein rik nasjon og ikkje minst som ein nasjon som har gjort seg rik bl.a. på å sleppe ut store mengder klimagassar, har vi eit stort ansvar for å hindre skadelege klimaendringar. Før vi kjem til det avgjerande klimatoppmøtet i Paris, har alle eit ansvar for å heve ambisjonsnivået. Det gjer Noreg no, ved å føreslå klimamål som er i tråd med tilrådingane frå FNs klimapanel. Einigheita som dei fire partia kom fram til, set ambisiøse mål om at Noreg skal bidra til utsleppsreduksjonar som svarer til minst 40 pst. fram mot 2030, og vi knyter oss endå sterkare til EUs klimasamarbeid, det mest ambisiøse i verda.

Spørsmålet mitt til statsråden går på kva konsekvensar han ser for seg at det vi no har vorte einige om av ambisjonar og kutt, vil få for norsk energipolitikk framover. Blant anna er EU-landa no einige om nye forpliktande mål for produksjon av fornybar energi, som truleg også vil gjelde for Noreg. I Noreg har vi jo ei stolt historie når det gjeld å prute ned EUs krav på fornybarområdet, men vi får tru at det er noko som høyrer fortida til. EU arbeider dessutan med rimeleg ambisiøse planar om ein ny energiunion. Kor tett ser statsråden for seg at Noreg skal knyte seg til dette arbeidet? Ser han for seg at målet om 40 pst. klimakutt vil måtte føre til ei tydeleg heving av ambisjonsnivået for norsk fornybar energiproduksjon? Kva vil i så fall vere aktuelle verkemiddel for å oppnå det?


Les hele debatten