Muntlig spørsmål fra Ingunn Gjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Om kva plan klima- og miljøministeren har for å betra luftkvaliteten, all den tid regjeringspartia stemmer mot forslag etter forslag for å betra den, og om når dei som slit med astma og sjukdom kan venta betring

Datert: 18.03.2015
Besvart: 18.03.2015 av klima- og miljøminister Tine Sundtoft

Ingunn Gjerstad (SV)

Spørsmål

Ingunn Gjerstad (SV): I Noreg døyr om lag 1 500 menneske kvart år av forureina luft. I Oslo stig dødstala på dagar med høg forureining. For ein månad sidan åtvara Oslo kommune mot å ta med små barn ut i enkelte område i byen. Groruddalen, der eg bur, er ille råka. I Bergen er situasjonen òg ille. Foreldra går med klump i magen fordi barna ikkje stoppar å hosta i den giftige vinterlufta. Vi veit at biltrafikken er hovudårsaka til problemet. No viser nye tal frå Statens vegvesen at vegtrafikken auka både i Oslo og Akershus i 2014, trass i målsetjingane om nullvekst. Seinast i går stemte Høgre og Framstegspartiet mot ei rekkje forslag i Stortinget for å betra luftkvaliteten. Ein stemte mot forslag om nye verkemiddel for å avgrensa bilbruken på riksvegane når luftforureininga er høg. Ein stemte mot miljødifferensierte bompengar for å redusera luftforureininga, mot auka avgifter på fossil fyring, mot tiltak for å etablera fleire kollektivfelt i akutte situasjonar – og mange fleire forslag.

Mitt spørsmål er: Kva er klima- og miljøministeren sin plan for å betra situasjonen, all den tid regjeringspartia stemmer mot forslag etter forslag for å betra luftkvaliteten? Og når kan dei som slit med astma og sjukdom, venta betring?


Les hele debatten