Muntlig spørsmål fra Knut Arild Hareide (KrF) til statsministeren

Om regjeringa vil styrkja Noregs innsats mot islamistisk ekstremisme internasjonalt og støtta til arbeid for trusfridom, som jo er ein av dei mest grunnleggjande menneskerettane

Datert: 08.04.2015
Besvart: 08.04.2015 av statsminister Erna Solberg

Knut Arild Hareide (KrF)

Spørsmål

Knut Arild Hareide (KrF): 148 menneske blei sist veke drept i eit islamistisk terrorangrep på ein høgskule i Kenya. Den ekstreme gruppa Al Shabaab stod bak massakren. Det vekkjer avsky når terroristar sorterer studentar etter religion og massakrerer dei kristne. Kenyanarane er òg sjokkerte over at hovudmannen bak massakren er ein av deira eigne. Han er verken fattig eller kunnskapslaus, men ein velutdanna jurist som tidlegare var lærar ved ein islamsk skule i Kenya. Igjen ser me at det er ideologisk ekstremisme snarare enn fattigdom som motiverer islamistisk terrorisme.

Al Shabaab er frå Somalia kjend for ekstrem brutalitet og intoleranse. Kenya har i aukande grad blitt offer for deira aksjonar. Al Shabaab har dei to siste åra stått bak angrep som har tatt livet av over 400 menneske i Kenya. Me må fordøme angrep på skular i konfliktsituasjonar. Det har mi fulle støtte når Noreg saman med Argentina no lanserer forslag om at skular skal ha same folkerettslege beskyttelse som Raudekrossen i militære konfliktar.

Internasjonalt rettsvern forpliktar ansvarlege statar, men temmer neppe terroristorganisasjonar som ser på menneskerettane, demokratiet og folkeretten som moderne villfaringar i strid med deira forståing av islam. Spørsmålet mitt er derfor todelt: Vil regjeringa styrkja Noregs innsats mot islamistisk ekstremisme, og vil regjeringa styrkje støtta til arbeid for trusfridom, som jo er ein av dei mest grunnleggjande menneskerettane?


Les hele debatten