Spørretimespørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Om statsråden arbeider med å få på plass ei ordning for flyplassavløysingsmidlar i Sogn og Fjordane, og eventuelt når den kjem

Datert: 21.05.2015
Besvart: 27.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Avinor si tilråding om å oppretthalde fire flyplassar i Sogn og Fjordane er godt motteke. Men varsla kutt i det regionale flyplassnettet på 100-150 mill. kr årleg gir likevel grunn til uro for framtidig flytilbod. Statsråden sin partikollega, Frank Willy Djuvik, varsla 21. mai i år til NRK Sogn og Fjordane bru mellom Anda og Lote finansiert med flyplassavløysingsmidlar for å leggje ned flyplassen på Sandane.

Arbeider statsråden med å få på plass ei ordning for flyplassavløysingsmidlar, og eventuelt når kjem den?


Les hele debatten