Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne-, likestillings- og inkluderingsministeren
Om korleis statsråden vil sikre at _barnevernet følgjer opp pålegget om slektsvurdering_
Datert: 08.10.2015
Besvart: 14.10.2015 av barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne
Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): I 2004 blei barnevernet lovpålagt alltid å undersøke om nokon i slekta kan vere fosterheim, før born blir plassert hos framande. I det siste er det omtalt fleire saker i media der omsorgsplassering er skjedd utan at familien er vurdert. Berre kvart femte barn blir plassert hos slekt. Ifølgje NRK 23. september kontrollerer ikkje fylkesnemndene om slektsplassering er vurdert, og fylkesmennene fører heller ikkje slikt tilsyn.
Korleis vil statsråden sikre at barnevernet følgjer opp pålegget om slektsvurdering?