Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om når regjeringa skal visa handlekraft, og når vi vil sjå ei reell satsing på sjømatnæringa, som dei ofte likar å omtala som framtidsnæring

Datert: 14.10.2015
Besvart: 14.10.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Mitt spørsmål går til fiskeriministeren: I Fiskeribladet Fiskaren fredag 9. oktober kunne vi lesa overskrifta «Pinglet på forskning». På leiarplass i same avis er overskrifta «Kreativ bokføring». Ser vi fiskeri- og havbruksområdet under eitt, er budsjettet faktisk redusert med 36,5 mill. kr, og regjeringa flyttar midlane som kjem frå auken i forskningsavgifta til andre postar og latar som om dette er påplussing til andre gode formål. Nær 150 mill. kr av dei 170 kjem frå omposteringar av forskingsavgifta og auken i denne. Det som skal gå til anna marin forsking og utvikling står stille i departementet sitt budsjett, og Fiskeridirektoratet får eit kutt på 0,5 pst.

Nei, dette er ikkje berre mine ord, men sitat frå leiaren i Fiskeribladet Fiskaren den 9. oktober. I same avis, på første sida, kan vi òg lesa om harnisk over uthuling av satsing på infrastrukturtiltak. Manglande vilje til å satsa på sjømatnæringa, på forsking, på kunnskap – det er openbert òg i årets budsjett frå Høgre og Framstegspartiet. Vi kan slå fast at regjeringa si satsing på sjømatnæringa berre er til bruk i festtalar – berre ord, ikkje handling.

Når skal regjeringa visa handlekraft, og når vil vi sjå ei reell satsing på sjømatnæringa, som dei ofte likar å omtala som framtidsnæring?


Les hele debatten