Spørretimespørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Om regjeringa vil endre regelverket for dagpengar slik at unge utan fullført vidaregåande kan få ta fag på vidaregåande utan å miste dagpengane

Datert: 11.02.2016
Besvart: 17.02.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Statsråd Anniken Hauglie viste i spørjetimen i Stortinget 10. februar til at ho hadde besøkt Rogaland der 40 pst. av unge arbeidsledige ikkje hadde fullført vidaregåande opplæring. Ho stilte spørsmålet om vi no burde 'bruke momentumet' til å gje dei fullført vidaregåande opplæring. Arbeidarpartiet har bede om at regelverket for dagpengar blir endra slik at unge utan fullført vidaregåande kan få ta fag på vidaregåande utan å miste dagpengane.
Når, og eventuelt korleis, vil regjeringa endre regelverket slik at dette blir mogleg?


Les hele debatten