Spørretimespørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Om kor ille situasjonen i arbeidsmarknaden må bli før statsråden kan tenkje seg å vurdere forslaget om å redusere arbeidsgjevarane sin eigenandel ved permittering frå 10 til 5 dagar

Datert: 21.04.2016
Besvart: 27.04.2016 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Mange arbeidstakarar, særleg på Vestlandet, er blitt oppsagde på grunn av regjeringa sin motstand mot å betre permitteringsreglane. Framleis er spørsmålet om finansiering uklart, og det kan sjå ut som regjeringa forsøker å skyve delar av kostnadane med lengre permittering over på dei allereie hardt pressa bedriftene. Arbeiderpartiet har foreslått å redusere arbeidsgjevarane sin eigenandel frå 10 til 5 dagar.
Kor ille må situasjonen i arbeidsmarknaden bli før statsråden kan tenkje seg å vurdere dette forslaget?


Les hele debatten