Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden vil ta initiativ til ei vurdering av _forlenging av Jobergtunnelen langs Granvinsvatnet_, med bakgrunn i at 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss, ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, raste ut i vatnet
Datert: 19.05.2016 Besvart: 25.05.2016 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Kjersti Toppe (Sp): 200 meter av riksveg 13 mellom Granvin og Voss raste ut i vatnet onsdag 27. april. Vegen er ei av hovudferdselsårene for indre Hordaland, og blant dei viktigaste aust-vest-sambanda mellom dei to største byane i Norge. Lokalt er det no eit stort ynskje om å få vurdert lang tunnel som permanent løysing langs Granvinsvatnet. I svar til Stortinget har regjeringa ikkje svara tydeleg på om forlenging av Jobergtunnelen vil verte vurdert som eit alternativ.Vil statsråden ta initiativ til ei slik vurdering?