Spørretimespørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Datert: 13.10.2016
Spørsmålet er trukket tilbake

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Under handsaminga av sjømatindustrimeldinga vedtok Stortinget at regjeringa skulle setta ned ein pliktkommisjon som skulle gjennomgå dei tre leveringspliktene ut frå deira intensjon, og kome attende til Stortinget hausten 2016 med ei tilråding basert på kommisjonen sitt framlegg. I Prop. 1 S frå Nærings- og fiskeridepartementet framgår det at regjeringa vil orientere Stortinget om saka i revidert nasjonalbudsjett. Dette er ikkje i tråd med stortingsvedtaket.
Kan statsråden stadfesta at Stortinget får kommisjonen si tilråding til handsaming i tråd med stortingsvedtaket?


Les hele debatten