Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Fylkesmannen i Vestfold ynskjer klarare retningsliner for bruk av tvang og makt mot små barn i barnehagar. I ein reportasje i Aftenposten kjem det fram døme der barn har blitt stengde inne på bad med sløkt lys, blitt fastsette i bøylestol mot sin vilje som «straff», og bruk av bleie mot barnet sin vilje.
Korleis vurderer statsråden denne situasjonen, og kva vil regjeringa gjere for å hindre bruk av tvang og makt mot barn i norske barnehagar og sikre at både barn og foreldre kan vere trygge på tilbodet?