Muntlig spørsmål fra Terje Breivik (V) til statsministeren

Om det er slik at regjeringa Solberg i handling er like lite oppteken av sjølvstendig næringsdrivande og dei som tør og vil satsa på ein forretningsidé, som det den raud-grøne regjeringa var

Datert: 16.11.2016
Besvart: 16.11.2016 av statsminister Erna Solberg

Terje Breivik (V)

Spørsmål

Terje Breivik (V): ei tid med etter måten høg arbeidsløyse og der mange med høg utdanning og betydeleg kompetanse har mista arbeidet, burde det etter Venstre sitt syn vore ein eigen strategi for å få mange av dei som står utan jobb, til å starta nye verksemder.

I juni 2014 fekk Venstre med seg eit samrøystes storting på å be regjeringa gjera ein gjennomgang av rammevilkåra for enkeltpersonføretak med sikte på å fremja konkrete forslag til forbetringar. Føremålet med forslaget frå Venstre var forbetringar ikkje berre å få fleire til å satsa og skapa ein arbeidsplass for seg sjølv og kanskje nokon til, men òg å auka sjansane for at fleire lukkast. Så langt, etter over to år, er det forunderleg nok kome få, om nokon, forslag i så måte frå regjeringa – ingen forslag som betrar dei skattemessige vilkåra for enkeltpersonføretak, ingen som betrar dei sosiale rettane, ingenting om forenkling for enkeltpersonføretak og ingenting om auka tilgang på risikokapital – heller tvert imot.

Éin ting er at regjeringa ikkje prioriterer å fylgja opp vedtaket og viljen til Stortinget, noko heilt anna er det at regjeringa heller ikkje prioriterer å gjera kvardagen litt enklare for dei som vel å starta for seg sjølve – personar som er villige til å ta stor personleg risiko for å skapa verdiar med andre. Fellesskapen er heilt avhengig av slike folk, som me treng langt fleire av. Var det éin ting Venstre trudde var synonymt med ei Høgre–Framstegsparti-regjering, var det ein mykje meir offensiv politikk på dette feltet.

Er det brilleglasa mine, farga som dei er av Venstre sitt brennande engasjement for nyskaping, innovasjon, som står i vegen, eller har eg rett i at regjeringa Solberg i handling er like lite oppteken av sjølvstendig næringsdrivande og dei som tør og vil satsa på ein forretningsidé, som det den raud-grøne regjeringa var?


Les hele debatten