Spørsmål
Kjersti Toppe (Sp): Helsedirektoratet har i fire månader nekta for at ein feil registreringspraksis i DIPS har ført til at pasientar blir kasta ut av dei offisielle ventelistene. Ifølgje tillitsvald lege ved Oslo universitetssykehus kan det dreie seg om titusenvis av pasientar som har mista sin behandlingsrett, jf. TV2 den 28. februar 2017.
Kan statsråden informere om omfanget av denne skandalen, kor mange pasientar som har mista behandlingsretten, og kva tiltak regjeringa no set i verk for å sikre pasientar rett til behandling innan frist?