Spørretimespørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om regjeringa i lys av Riksrevisjonen sin kritikk vil syte for at Heimevernet får tilstrekkelege ressursar til å løyse sitt militære samfunnsoppdrag for folk og verne våre sårbare samfunnsverdiar

Datert: 23.03.2017
Besvart: 29.03.2017 av forsvarsminister Ine Eriksen Søreide

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Heimevernet har fått 40 pst. fleire nøkkelobjekt å beskytte, som krev vakthold og sikring i tilfelle krise eller krig. Samstundes reduserer Høgre og Framstegspartiet Heimevernet. Under høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen gjorde generalinspektøren i Heimevernet det klart at han ikkje hadde dei ressursane han trong.
Vil regjeringa i lys av Riksrevisjonen sin kritikk syte for at Heimevernet får tilstrekkelege ressursar til å løyse sitt militære samfunnsoppdrag for folk og verne våre sårbare samfunnsverdiar?


Les hele debatten