Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om at det ikkje lenger skal vere mogleg å få dekka kostnader ved tannbehandling til pasientar med tannskrekk/odontofobi, kvifor ikkje denne store endringa blei sendt på høyring og om statsråden vil vurdere å reversere denne innstramminga

Datert: 16.11.2017
Besvart: 22.11.2017 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Frå 2018 føreslår regjeringa endringar i folketrygdas stønadsordning til tannbehandling etter innslagspunkt 14. Det skal ikkje lenger vere mogleg å få dekka kostnader ved tannbehandling til pasientar med tannskrekk/odontofobi. Dette er ei svært sårbar og utsatt gruppe pasientar, som frå nyttår står utan eit reelt behandlingstilbod.
Kvifor blei ikkje denne store endringa sendt på høyring, og vil statsråden reversere denne innstramminga for pasientar med alvorleg tannbehandlingsangst?


Les hele debatten