Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Om statsråden kan svare på kor mykje eit liggjedøgn på barselavdeling kostar, og kva Helse Bergen årleg vil spare på å kutte ansvaret med tre liggjedøgn for kvinner/barn, og kvifor ikkje regjeringa grip inn og sikrar kommunen sine interesser

Datert: 10.01.2018
Besvart: 17.01.2018 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Det er ein vedvarande konflikt mellom Helse Bergen og Bergen kommune når det gjeld utvikling av barseltilbodet når helseføretaket skal redusere ansvaret for barseltilbodet frå fem til to døgn, utan at dette blir kompensert i kommunen med midlar.
Kan statsråden svare på kor mykje eit liggjedøgn på barselavdeling kostar, og kva Helse Bergen årleg vil spare på å kutte ansvaret med tre liggjedøgn for kvinner/barn, og kan statsråden forklare kvifor regjeringa ikkje grip inn og sikrar kommunen sine interesser?


Les hele debatten