Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til statsministeren

Om statsministeren kan nemne tre tiltak frå regjeringa som faktisk fører til betre fordeling og betre miljø med omsyn til bruken av havet

Datert: 07.02.2018
Besvart: 07.02.2018 av statsminister Erna Solberg

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Noreg har alltid vore ein havnasjon. Heilt frå dei første busetjarane etablerte seg i Noreg for 10 000–11 000 år sidan og fram til i dag, har det rike havet vore grunnlaget for liv, vekst, velstand og velferd. Nokre av dei aller viktigaste vegvala vi står overfor som nasjon i dag, utspelar seg også i havet. Kven skal eige havets marine ressursar, kven skal dei kome til gode? Skal vi fortsetje med å bruke dei store milliardane frå fellesskapet til å halde liv i petroleumsnæringa – som er negativ for klima og miljø – eller satse på framtidsretta næringar? Gjer vi nok for at havet er rikt også i framtida? Kort sagt: Korleis skal vi sørgje for at havet kjem fellesskapet og miljøet til gode?

Problemet er at denne regjeringa legg opp til det motsette. Ho fører ein fiskeripolitikk der ungdomen blir prisa ut, der kystsamfunna ikkje lenger har råd til å delta i fisket, der konfliktane rundt oppdrett og miljø og lokale næringsinteresser aukar i omfang. Fellesskapet taper på regjeringas fiskeripolitikk. I ei tid med låge oljeprisar og der alle land må omstille til lågutslepp, fører regjeringa ein næringspolitikk der utbygging av nye oljefelt massivt blir subsidierte, og det blir brukt milliardar på petroleumsprosjekt det knapt finst lønsemd i. Det er ein politikk for å vere avhengig av petroleum, ikkje grønt skifte. Samla sett fører regjeringas politikk til favorisering av dei få, ikkje dei mange.

Spørsmålet mitt til statsministeren er difor om ho i alle fall kan nemne tre tiltak frå regjeringa som faktisk fører til betre fordeling og betre miljø med omsyn til bruken av havet.


Les hele debatten