Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Om norske myndigheiter undersøkjer om det er mogleg å anvende alternative løysingar til internering av barn, og i så fall, kva for alternativ statsråden vurderer som aktuelle for framtida

Datert: 14.02.2018
Besvart: 14.02.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren. Eg vil gjerne fylgje opp saka om fotlenke, som me hadde litt før her i dag, og eg vil gjere klart tre ting. Nr. 1: Det er den same fotlenka som blir brukt som omvend valdsalarm, som me no føreslår skal brukast for barnefamiliar som skal uttransporterast. Er det sikkert nok for dei, bør det vere sikkert nok for desse. Nr. 2: Det er ikkje lett å unndra seg fotlenke, sjølv om statsråden prøver å skape det inntrykket. Nr. 3: Regjeringa har ei plikt til å sørgje for alternativ til fengsling av barn. Det skal vere siste utveg.

Spørsmålet mitt til statsråden er då: Undersøkjer norske myndigheiter i dag om det er mogleg å anvende alternative løysingar til internering av barn? I så fall, kva for alternativ blir vurderte, og kva for alternativ vurderer statsråden som aktuelle for framtida?


Les hele debatten