Muntlig spørsmål fra Ivar Odnes (Sp) til samferdselsministeren

Om statsråden no kan garantera at vi ikkje får fleire kostnader og forseinkingar på Follobane-prosjektet, med bakgrunn i informasjon frå ein intern rapport i Bane NOR, der det kjem fram at utbygginga vert forseinka, bl.a. som følgje av hevinga av kontrakten med entreprenørselskapet Condotte

Datert: 02.05.2018
Besvart: 02.05.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Ivar Odnes (Sp)

Spørsmål

Ivar Odnes (Sp): Spørsmålet går framleis til samferdselsministeren, så Solvik-Olsen kan fortsetja her.
Stortinget fekk i utgreiinga frå samferdselsministeren den 10. april i år ei orientering om vesentlege utsetjingar på InterCity-utbygginga, som no ligg inne i Jernbanedirektoratets forslag til handlingsprogram. I juni i fjor, då Stortinget gjorde vedtaket sitt om Nasjonal transportplan for 2018–2029, vart det teke høgd for at full InterCity-utbygging måtte utsetjast frå 2030 til 2034, dette med bakgrunn i faglege vurderingar frå Jernbanedirektoratet. Den 18. februar i år la Bane NOR fram forslaget sitt til handlingsprogram for jernbaneutbygginga, der det vart varsla ei rekkje utsetjingar samanlikna med framdrifta som Stortinget gjekk inn for i NTP-vedtaket sitt i fjor, og ferdigstillinga av heile InterCity-prosjektet er no skuva ut i det blå.
Sist veke fekk vi gjennom fagtidsskriftet bygg.no informasjon frå ein intern rapport i Bane NOR, der det kjem fram at utbygginga av Follobane-prosjektet, som er eit viktig prosjekt i InterCity, no vert forseinka, bl.a. som følgje av hevinga av kontrakten med entreprenørselskapet Condotte. I februar i år sto samferdselsministeren her i salen og sa at Bane NOR, som har ansvaret for Follobane-prosjektet, ikkje trudde det vart forseinkingar, og understreka alvoret med at forseinkingar kom til å kosta dyrt.
Det er lite tillitvekkjande at statsråden er så bakpå i desse prosjekta. Vi talar om nokre av dei største samferdselsprosjekta i landet. Det er viktig at desse er under kontroll, økonomisk og framdriftsmessig. Statsråden har fleire gonger prøvd å teikna eit bilete der alt er i skjønnaste orden innan samferdsel, men verkelegheita fortonar seg altså ikkje slik. I spørjetimen den 7. februar i år sa statsråden at utsetjing på Follobanen kan medføra kostnader i 100-millionarkronersklassen. Kan statsråden no garantera at vi ikkje får fleire kostnader og forseinkingar?


Les hele debatten