Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til statsministeren

Om kva forslag det er regjeringa har jobba med dei siste 10 månadene som kan bidra til å få organisasjonsgraden opp, med bakgrunn i at det kan sjå ut som at det er både vanskelegare å vera organisert og å vera tillitsvald for organiserte i enkelte delar av dagens arbeidsliv

Datert: 21.11.2018
Besvart: 21.11.2018 av statsminister Erna Solberg

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): I Klassekampen på måndag kunne ein lesa om ein frisørtillitsvald som opplever at ho er uriktig oppsagd, som ein ulovleg reaksjon på arbeidet som tillitsvald. Eg har fått høyra tilsvarande historier frå andre sektorar, og eg har òg teke opp tilsvarande spørsmål med statsministeren tidlegare. Det kan dessverre sjå ut som at det er vanskelegare både å vera organisert og å vera tillitsvald for organiserte i enkelte delar av dagens arbeidsliv.

Dette er jo eit spørsmål som Arbeidarpartiet har vore oppteke av lenge. Me har difor både kome med forslag om å få opp organisasjonsgraden, fremja interpellasjon om temaet, og vore med på å vedta eit oppmodingsvedtak til regjeringa om å leggja fram forslag som kan få organisasjonsgraden opp. Dette vart det fleirtal for 31. januar i år. Det har no gått ti månader. Så langt har regjeringa ikkje levert nye forslag om korleis me kan få organisasjonsgraden opp.

Difor er spørsmålet mitt ganske enkelt: Kva forslag er det regjeringa har jobba med dei siste ti månadene som kan bidra til å få organisasjonsgraden opp?


Les hele debatten