Muntlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til eldre- og folkehelseministeren

Om regjeringa vil fremja ei sak for Stortinget om å styrkja omsorgsstønadsordninga, slik at ho fungerer i tråd med intensjonen, og fremja ei sak om kva innhaldet vil vera i den strategien som no skal verta utarbeidd

Datert: 09.01.2019
Besvart: 09.01.2019 av eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Mitt hovudspørsmål går til eldre- og folkehelseministeren.

800 000 pårørande legg kvart år ned 110 000 årsverk i norsk helsevesen. Pårørande- og familieomsorg er ein uvurderleg ressurs. Den vert kalla den usynlege omsorga, som ikkje vert verdsett, som ikkje vert respektert.

Regjeringa fremja i fjor ei stortingsmelding, Leve hele livet, som skulle vera ei reform for pårørande. Det var ho ikkje. Regjeringa skreiv rett nok at ein ville fremja ein pårørandestrategi, men det var uvisst kva tid og kva forpliktande innhald han ville få. Til no har det vore ganske umogleg å få ut av eldreministeren kva ho og regjeringa konkret vil gjera for dei mange pårørande.

Omsorgsløn vart innført i 1986 som eit tilbod til dei med særleg tyngande omsorgsarbeid. I dag er det gjort om til ein omsorgsstønad, men det fungerer framleis ikkje etter intensjonen. Han støttar ikkje dei pårørande nok. Utbetalingane er små, og det er store variasjonar i praktiseringa.

Regjeringa har altså lova ei kvalitetsreform for eldre. Dei har lova ei reform for dei pårørande. Det er altså store manglar når det gjeld pårørande sine behov og deira rett til informasjon, opplæring, rettleiing, avlasting og ikkje minst gode økonomiske ordningar.

Så spørsmålet mitt til eldreministeren er: Vil regjeringa fremja ei sak for Stortinget om å styrkja omsorgsstønadsordninga, slik at ho fungerer i tråd med intensjonen? Vil regjeringa òg fremja sak for Stortinget om kva innhaldet vil vera i den strategien som no skal verta utarbeidd?


Les hele debatten