Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Om kvifor statsråden og regjeringa er så opptekne av å innføra ein ny statleg ekstraskatt på lakseoppdrett

Datert: 13.02.2019
Besvart: 13.02.2019 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Spørsmålet mitt går til finansminister og partileiar i Framstegspartiet, Siv Jensen.

Kysten vår bidreg med stor verdiskaping. I 2018 selde Noreg sjømat – som laks, torsk og makrell – til utlandet for rundt 100 mrd. kr. Der Senterpartiet ser livskraftig verdiskaping og arbeidsplassar i distrikta, ser regjeringa og finansministeren moglegheit til å innføra ein ny statleg ekstraskatt. Verdiane som vert skapte av fiskeri og oppdrett, skal takast frå lokalsamfunna for å få meir pengar inn i statskassen. Senterpartiet vil at aktiviteten som skjer i fiskeri og fiskeoppdrett, skal koma lokalsamfunna til gode. Det vil ikkje finansministeren og regjeringa og har difor sett ned eit utval for å greia ut ein statleg ekstraskatt for oppdrett av laks. Vert det innført ein statleg ekstraskatt, vil lokalsamfunna langs kysten mista store delar av inntektene dei i dag har frå oppdrettsnæringa.

Regjeringspartia har tidlegare argumentert i Stortinget med at ein sånn statleg ekstraskatt kan gje rom for generelle skattelettar. Oppskrifta er attkjennande: Pengane skal hentast frå distrikta for å finansiera regjeringa sin skattefest på Aker Brygge. Regjeringa sitt arbeid med ein statleg ekstraskatt for oppdrettsnæringa skapar usikkerheit for oppdrettsnæringa i Noreg og usikkerheit for norske arbeidsplassar. Kvifor er statsråden og regjeringa så opptekne av å innføra ein ny statleg ekstraskatt på lakseoppdrett?


Les hele debatten