Muntlig spørsmål fra Lene Vågslid (A) til justis- og innvandringsministeren

Om at det ikkje finst eit fleirtal i Stortinget for å gjere så storstilte nedleggingar som Domstolkommisjonen legg opp til, og om justisministeren er einig med dei andre partia i at strukturforslaget slik det ligg, bør skrotast

Datert: 16.10.2019
Besvart: 16.10.2019 av justis- og innvandringsminister Jøran Kallmyr

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): I Nationen i går kunne me lese eit innlegg med tittelen «Et brudd på samfunnskontrakten». Der står det:

Det er eit godt innlegg. Eg kunne ha skrive det sjølv, men det er skrive av ni stortingsrepresentantar frå Høgre.

Arbeidarpartiet var først veldig tydeleg på, jf. landsmøtevedtaket vårt, at me ikkje ønskjer ei storstilt sentralisering og massenedlegging av tingrettar. Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre er like klare. Det finst tydeligvis ikkje eit fleirtal i Stortinget for så storstilte nedleggingar som Domstolkommisjonen legg opp til. Så mitt spørsmål til justisministeren er om det ikkje finst motstand i Framstegspartiet til forslaget om massenedleggingar. Eller er justisministeren einig med dei andre partia, inkludert mitt eige, i at strukturforslaget slik det ligg føre, bør skrotast?


Les hele debatten