Muntlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om statsråden meiner at å fase inn dei nye P8-overvakingsflya handlar om operativ drift, og om han dimed vil følgje tilrådinga frå Luftforsvaret når den ein gong kjem på hans bord, med bakgrunn i at det no er kjent at forseinkinga av arbeidet på Evenes gjer at innfasinga må skje ein annan stad

Datert: 18.12.2019
Besvart: 18.12.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det vert mykje trim i dag, spesielt for dei av oss som har gått rundt juletreet tidlegare i dag.

Spørsmålet mitt går også til forsvarsministeren. Senterpartiet har åtvara mot regjeringa og Arbeidarpartiet si avgjerd om å leggje ned Andøya flystasjon, noko som er eit historisk feilgrep. Investeringskostnadene for ny base skulle ifølgje regjeringa samla kome på 3,5 mrd. kr, ikkje for P8-flya, men samla. Det er allereie no klart at det vert nesten 1 mrd. kr meir. No er det kjent at forseinkinga av arbeidet på Evenes gjer at innfasinga av det nye P8-flyet må skje ein annan stad, altså at basen på Evenes ikkje kan brukast til dette. Det er nemnt fleire basar, m.a. Bodø, Andøya og Gardermoen.

Til liks med rapporten om alliert mottak, som aldri kom frå regjeringa, har avgjerda om kvar innfasinga av P8-fly skal skje, teke si tid. Det er kjent at synfaring på basane er gjord for ganske lenge sidan. Eg veit òg at det er andre skjer i sjøen, bl.a. driv ein og flytter rundt på ein hangar. Me veit at det ikkje er klarlagt korleis ein skal lagre ammunisjon. Det er mykje som ikkje er klart, og det vil bety auka kostnader og forseinkingar på Evenes. Då reiser spørsmålet seg om korleis ein skal løyse situasjonen i tida framover. Det er òg sjølvsagt at når ein har investert 30 mrd. kr på Andenes, vert det litt rart å tenkje seg at ein skal bruke berre nokre få milliardar for å få opp ein tilsvarande base på Evenes, sjølv om det er lenge sidan dei midlane vart lagde inn for Andøya.

Spørsmålet mitt til forsvarsministeren er: Meiner statsråden at å fase inn dei nye P8-overvakingsflya handlar om operativ drift? Og vil han dermed følgje tilrådinga frå Luftforsvaret når ho ein gong kjem på hans bord?


Les hele debatten