Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Om statsråden meiner at det er rett at folk som vert fråtekne moglegheita til å driva næringsverksemd, skal sitja igjen med eit stort økonomisk tap, med bakgrunn i at regjeringa har innført eit nasjonalt forbod mot hald av pelsdyr

Datert: 08.01.2020
Besvart: 08.01.2020 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I dag har NHO årskonferansen sin. Verdiskaping, eksportinntekter er viktig for NHO, men det er også viktig for Senterpartiet. Statsministeren har kome seg tilbake til Oslo og har halde innlegg om behov for ein meir næringsvenleg politikk.

Men denne regjeringa har altså brote med den næringsfridomen me tradisjonelt har hatt i Noreg. Regjeringa har innført eit nasjonalt forbod mot hald av pelsdyr – ei lovleg vare å kjøpa og selja i Noreg har vorte forboden å produsera i Noreg. Eg har sett på Instagram at statsråden har kosa seg i jula og feira med både ribbe og pinnekjøt. Mange av dei i landet som driv med oppdrett av pelsdyr, har ikkje kosa seg i jula. Dei har hatt ei vanskeleg jul, for ikkje berre opplever dei ei regjering som nektar dei å driva på med næringa si, men dei har ei regjering som nektar å dekkja det økonomiske tapet som dei lir. Folk vil sitja igjen med store økonomiske tap med den forskrifta til erstatning som er lagt fram. Det er ikkje mange familiar dette gjeld. Det er i underkant av 200 familiar som må bera prisen for regjeringa sin politikk. Kristeleg Folkeparti-leiar Ropstad forsøkte seg på tampen av 2019 med ein bodskap om at menneske har større verdi enn dyr. I denne saka meiner eg at dyra kanskje er behandla betre enn det regjeringa har behandla folka.

Så mitt spørsmål er: Meiner statsråden at det er rett at folk som vert fråtekne moglegheita til å driva næringsverksemd, skal sitja igjen med eit stort økonomisk tap? Kor stort økonomisk tap meiner statsråden er rimeleg? Er det f.eks. ok at enkelte aktørar tapar 1 mill. kr på regjeringa sin politikk?


Les hele debatten