Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til finansministeren

Om kva finansministeren har tenkt å gjera for at det er dei med dei høgste inntektene som må bidra mest for at ein skal lykkast med klimaomstillingane

Datert: 05.02.2020
Besvart: 05.02.2020 av finansminister Jan Tore Sanner

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): La meg fyrst få gratulera Sanner med eit nytt og viktig verv. Etter tolv år i finanskomiteen og fleire statsrådspostar har han jo alle føresetnader for å gje oss gode svar på det som me måtte spørja om.

Rett før årsskiftet kom det ein ny rapport frå CICERO. Den handla om nordmenn sine haldningar, normer og åtferd knytte til klimaomstilling. No er det ikkje sikkert at finansministeren har rokke å lesa den rapporten, og det skal eg ikkje halda imot han. Men i denne rapporten står det noko om kva ulike grupper i samfunnet meiner om klimaendringar, om klimapolitikk og om eige ansvar.

I rapporten er det særleg éin viktig variabel for om ein bekymrar seg for klimaendringane og er villig til å endra si eiga åtferd, og det er inntekt. Det viser seg at dei som er i dei høgaste inntektsgruppene, særleg dei som har ei personleg årsinntekt på over 800 000 kr, er mindre bekymra, mindre villige til å endra eiga åtferd og mindre villige til å støtta politiske initiativ for å forhindra klimaendringane. Det er samtidig ei av dei gruppene som står for mest utslepp. Dei har råd til å forbruka meir, og dei gjer det gjerne.

No er det jo sånn at klimapolitikken høyrer heime hos klimaministeren, men dette handlar om fordeling, og det er finansministeren sitt bord. Spørsmålet mitt er: Kva har finansministeren tenkt å gjera for at det er dei med dei høgaste inntektene som må bidra mest for at me skal lykkast med klimaomstillingane?


Les hele debatten