Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om statsråden kan forklare næringsstrategien til regjeringa, som har vore stille som mus i spørsmålet om det vil bli laga mål for flytande havvind i Noreg, med vilkår som gjer at vi kan ta ei internasjonal leiarrolle og byggje norsk leverandørindustri

Datert: 26.02.2020
Besvart: 26.02.2020 av næringsminister Iselin Nybø

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Letten var stor blant folk og arbeidarar på Stord, i Gulen og i Vindafjord da Kværner vann oppdraget med å byggje Equinors nye flytande havvindanlegg på Tampen i Nordsjøen. Dette kan vere starten på eit heilt nytt industrieventyr, og det kom jo ikkje ein augeblink for tidleg. Framtida til petroleumsnæringa og alle arbeidsfolka i næringar knytte til ho, er høgst usikker dei neste ti åra. Det er nettopp prosjekt som bl.a. flytande havvind som kan bli redninga for desse sterke industrimiljøa.

Men alle vi veit jo at dette berre er eit pilotprosjekt. Regjeringa har vore stille som mus i spørsmålet om det vil bli laga mål for flytande havvind i Noreg, med vilkår som gjer at vi kan ta ei internasjonal leiarrolle og byggje norsk leverandørindustri.

Da Erna Solberg besøkte norsk leverandørindustri i haust, fekk ho eit uoppfordra og unisont krav om å leggje ambisjonane og pengane på bordet, slik at vi kan byggje nye flytande havvindparkar på norske hav. Men ingenting skjer. Ifølgje ein ny SINTEF-rapport kan vi utvikle over 50 000 nye arbeidsplassar dersom vi raskt legg vilkåra for flytande havvind. Hadde vi hatt vilkåra på plass til å byggje anlegg for karbonfangst og -lagring, ville det kunne gitt mellom 30 000 og 40 000 nye arbeidsplassar. For batteriproduksjonen anslår den same rapporten at det kunne gitt 15 000 nye arbeidsplassar. Men alt dette føreset at vilkåra ligg til rette for det, og at det er politisk vilje. Det har det ikkje vore. Regjeringa har førebels sete musestille, men satsar i staden på å opne nye felt og leggje meir til rette for investeringar og produksjon i petroleum.

Så mitt spørsmål til næringsministeren er: Kan statsråden forklare denne næringsstrategien?


Les hele debatten