Spørsmål
Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Forskjellane mellom folk i Noreg aukar med denne regjeringa. Dei rikaste drar ifrå resten, og ein stadig større del av verdiane hamnar i lommene på nokre få. Kontrasten til folk flest blir stadig større.
Denne regjeringa har den tvilsame rekorden å ha sørgt for å skape rekordmange milliardærar og rekordmange barn som veks opp i fattigdom. Men, som dette statsbudsjettet også viser, er det nokon som må finansiere skattelettene og skattekutta til dei aller rikaste i dette samfunnet. Nokre grupper i samfunnet må ta rekninga, og eitt av dei mest opprørande kutta er det regjeringa har gjort i stomitilbodet for barn som har utlagt tarm eller urinvei.
Regjeringa har for 2020 sett ei grense, ei såkalla kvote, på kor mykje stomiutstyr dei som treng det, kan få. No begynner dei årlege kvotene å bli brukte opp, og folk må sjølve ut med fleire tusen kroner i månaden – ein rett dei tidlegare hadde, som no er tatt bort frå dei.
Bettina Lindgren er styreleiar i Løvemammaene, og ein kan seie at det er ein organisasjon som har oppstått på grunn av dei smålege kutta som regjeringa har stått for på dette feltet. På nettsida si fortel ho om si fortviling og sitt sinne over desse smålege kutta. Dottera hennar har nemleg stomi. Bettina skriv:
Kva er statsministerens svar til Bettina og alle dei andre som er ramma av regjeringas kutt i stomiutstyr?