Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeri- og sjømatministeren

Om kva som er grunnen til at statsråden og Høgre meiner at det er rett og viktig å gje ein mindre del av pengane frå havbruksnæringa til kystkommunane, og i staden frakta desse pengane frå kysten og inn til statskassen i Oslo

Datert: 24.02.2021
Besvart: 24.02.2021 av fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Spørsmålet mitt går til fiskeriministeren, og det handlar om eit stort statleg ran av milliardar av kroner frå kystkommunane. I nattas mulm og mørke har fiskeriministeren vore på tokt for å ta pengar frå kystkommunane og leggja dei inn i statskassen. Oppdrett av laks er ei stor og viktig næring i Noreg. Oppdrett skaper store verdiar, men legg òg beslag på store sjøareal i kommunane. Difor har Senterpartiet vore oppteke av at kommunane skal få sin del av verdiskapinga frå lakseoppdrett. Når det har vorte gjeve nye løyve til å produsera meir laks, vert desse selde på auksjon. Næringa betaler milliardsummar for å få lov til å produsera meir. Det var ein stor siger for kysten då Senterpartiet gjennom forhandlingar i Stortinget i 2015 fekk gjennomslag for at 80 pst. av desse pengane skulle gå til kommunane og 20 pst. til staten.

I 2020 var det spådd at auksjonen ville gje litt over 5 mrd. kr. Det ville altså etter den modellen som Stortinget hadde vedteke og Senterpartiet kjempa for, gjeve kystkommunane 4 mrd. kr til fordeling. Men på dette tidspunktet hadde regjeringspartia og Framstegspartiet fått for seg at dette var for mykje, så dei tok 750 mill. kr av dei pengane og putta inn i statskassen.

Kva er grunnen til at statsråden og Høgre meiner at det er rett og viktig å gje ein mindre andel av pengane frå havbruksnæringa til kystkommunane, og i staden frakta desse pengane frå kysten og inn til statskassen i Oslo?


Les hele debatten