Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om å gjera det betre å eiga arbeidsplassar i distrikta, då me allereie ser resultatet av politikken med Sp i regjering når ein bedriftseigar i Gulen flyttar fordi skattetrykket blir så stort
Datert: 02.12.2021 Besvart: 08.12.2021 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum
Helge André Njåstad (FrP): Etter nokre få måneder med Senterpartiet i regjering ser me allereie resultatet av politikken. Bedriftseigar Ola Braanaas flytter frå distriktskommunen Gulen fordi skattetrykket blir så stort og han ikkje vil tappa pengar ut av distriktsbedrifta for å betala skatt til Finansdepartmentet. FrP har alltid sagt at distriktspolitikk er å sørga for lokaleigde arbeidsplassar i privat sektor. Vil statsråden gjera det betre å eiga arbeidsplassar i distrikta?