Muntlig spørsmål fra Torgeir Knag Fylkesnes (SV) til næringsministeren

Om korleis statsråden vil møte maktkonsentrasjon og mangel på konkurranse i daglegvaremarknaden, samt å sikre at landbruket fortsatt har levlege vilkår

Datert: 30.03.2022
Besvart: 30.03.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Torgeir Knag Fylkesnes (SV)

Spørsmål

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Det er noko som bekymrar meg djupt for tida, og det er matvareprisane, som berre stig og stig og stig. I februar fekk vi ein kraftig auke, og ein forventar ein enda større auke i matprisane til folk i juni. Samtidig er handelsvarene som det norske folk kjøper i butikk, allereie prisa for høgt. For å vere meir presis: Den norske handlekorga er 36 mrd. kr dyrare enn handlekorgene i Sverige og Danmark, viser forsking frå 2018. Da er norske avgifter og toll medrekna.

Konsekvensane av desse prisane strekkjer seg langt utanfor høge prisar. Mangel på konkurranse og konsentrasjon av makt i daglegvaremarknaden svekkjer også heile strukturen i landbruket. Vi ser konsekvensane av dette spesielt i distrikta. Når det gjeld Nord-Noreg, f.eks., fortel Nortura at fordi dei må tilpasse seg denne veldig sentraliserte marknaden, ser dei ikkje for seg at dei klarer å drive verksemd i nord. Dei har to slakteri i Nord-Noreg per i dag.

I Troms, mitt heimfylke, blei sju buskapar slakta berre i mars – sju aktørar gjekk ut av drift der. Det blir også sagt at taksering av eigedom og utstyr er ein av dei største aktivitetane no. Ein kartlegg kva slags verdiar ein har, fordi ein skal ut av yrket. Det er dramatisk. Den situasjonen vi har i daglegvarebransjen, er ei viktig årsak til at vi ikkje får låge prisar for forbrukarane, og det svekkjer landbruket også. Og dette skjer midt i ei dyrtid.

Her har næringsministeren ei heilt sentral rolle. Støre har tidlegare vore positiv til forslag frå SV, men næringsministeren har førebels ikkje sagt noko. Kva kan Stortinget vente seg?


Les hele debatten