Spørsmål
Frank Edvard Sve (FrP): Senterpartiet har tidlegare forsøkt å framstå som eit borgarleg parti, no framstår Senterpartiet direkte som eit sosialistisk parti som bygger ned privat verksemd i stor stil. Aldri før har meir midlar vorte flytta frå vanlege folk og privat næringsliv si lommebok over til staten. Å bruke "andres pengar" ser ut til å vere mottoet – kven som skapar desse midlane, betyr mindre, kan det sjå ut for med dagens regjering.
Kva har statsråden tenkt å gjere når regjeringa har gått tom for andre sine pengar?