Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utviklingsministeren

Om statsråden er einig i at gjenoppbygging og støtte til Ukraina, auka bistand og humanitær hjelp til område som er ramma av konsekvensane av krigen og strategi for matsikkerheit i utviklingspolitikken er ei eineståande moglegheit til kraftig å auka innsatsen for auka matsikkerheit i verda

Datert: 30.11.2022
Besvart: 30.11.2022 av utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): I går skjedde det to ting her i Noreg som kan påverka kvarandre og gjera ein stor forskjell for verdas fattige. For det fyrste la SV og regjeringspartia fram eit budsjettforlik for 2023 med sterk vekt på internasjonal solidaritet, med eit rammeverk og eit program for gjenoppbygging og støtte til Ukraina, saman med auka bistand og humanitær hjelp til område som er ramma av konsekvensane av krigen, særleg innanfor mat og energiområdet.

For det andre la regjeringa fram ein strategi for matsikkerheit i utviklingspolitikken. Det er på høg tid. Fram til no har svolt og underernæring i verda handla om skeiv fordeling – at maten som blir produsert, ikkje når fram til alle, at importmat fortrenger lokalprodusert mat, og at det blir kasta altfor mykje mat. Det handlar framleis om skeiv fordeling av mat og makt, men me er på veg inn i ei tid der det òg handlar om totalt sett for lite mat. Klimaendringar og naturøydelegging gjer at matproduksjonen går ned. Allereie neste år kan det bli produsert for lite mat, og krigen i Ukraina har ført til ein sterk auke i matvareprisar, mindre tilgang på gjødsel og såkorn og høgare prisar på alle innsatsfaktorar.

At regjeringa no har ein strategi for matsikkerheit i utviklingspolitikken, er derfor gledeleg. Det kan bli eit viktig bidrag til den internasjonale politikken, som må endrast kraftig for å nå målet om mindre svolt og meir berekraftig matproduksjon. Samtidig trengst det pengar for å setja i verk gode ord i ein strategi, og her kjem det nye programmet frå gårsdagens budsjettforlik inn.

Er statsråden einig i at dette rammeverket er ei eineståande moglegheit til kraftig å auka både den kortsiktige og den langsiktige innsatsen for auka matsikkerheit i verda, sånn SV og regjeringspartia blei einige om i går?


Les hele debatten