Spørretimespørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Om samansetjinga av utvalet som skal sjå på utfordringar for den norske lønnsdanninga (frontfagsmodellen), med 15 av 16 medlemmer frå Osloregionen, kjem av at statsråden ikkje har leita etter kompetanse på lønnsdanning utanfor Oslo, at han har leita, men ikkje funne det, eller at geografisk samansetning av utvalet blir vurdert som uviktig

Datert: 16.02.2023
Besvart: 22.02.2023 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Regjeringa sette i januar ned eit utval som skal sjå på utfordringar for den norske lønnsdanninga (frontfagsmodellen). Av 16 medlemmer i utvalet er 15 frå Oslo-regionen og har sitt daglege virke her, og ein frå Trondheim. Ingen er busett i – eller har sitt virke i Nord-Noreg eller på Vestlandet, Sørlandet eller andre stader i Noreg.
Kjem dette av at statsråden ikkje har leita etter kompetanse på lønnsdanning utanfor Oslo, at han har leita, men ikkje funne det, eller at geografisk samansetning av utvalet blir vurdert som uviktig?


Les hele debatten