Spørsmål
Kjell Opseth (A): "Forsvarsdepartementet har tildelt kontrakta for bygging av nye mine- ryddingsfartøy til Båtservice/Kværner. Konseptet for skroget og framdrifts- systemet (SES konseptet) som dei nye fartøya byggjer på, er utvikla ved Brødrene Aa A/S. Opphavsretten til dette konseptet tilhøyrer difor Brødrene Aa.
Har Forsvarsdepartementet/Sjøforsvarets forsyningskommando tatt omsyn til dette i tilbodsprosedyren?"