Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva statsråden vil gjere for å sikre at ideelle kan halde si oppbygde satsing oppe og bli ein del av løysinga for opptrapping – ikkje nedtrapping – av tilboda innanfor rus og psykisk helse
Datert: 01.03.2023 Besvart: 08.03.2023 av helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol
Alfred Jens Bjørlo (V): Når helse- og omsorgsministeren veit at ideelle aktørar innanfor rus og psykisk helsevern no må bygge ned svært etterspurt kapasitet som dei har bygd opp under fritt behandlingsval-ordninga, fordi avtalane mellom desse behandlingsinstitusjonane og dei regionale helseforetaka ikkje er auka opp tilsvarande den faktiske kapasiteten, kva vil statsråden gjere for å sikre at ideelle kan halde si oppbygde satsing oppe og bli ein del av løysinga for opptrapping – ikkje nedtrapping – av tilboda innanfor rus og psykisk helse?