Muntlig spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Om regjeringa har starta opp arbeidet med å miljøkartlegge skog for å sikre at kvaliteten i registreringane og føresetnadene i MiS-ordninga

Datert: 26.04.2023
Besvart: 26.04.2023 av klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vi har gjennom ei rekkje reportasjar i NRK sett korleis naturverdiane i skogen har blitt nedprioriterte, og korleis skognæringa ikkje har kartlagt naturverdiane på ein akseptabel måte. Miljødirektoratet har kome med ein rapport som syner at det meste av natur som blir nedbygd, er skog, og det er eit problem for både klima- og naturmangfaldet.

9. mars i år behandla Stortinget representantforslaget til SV om ein ny skogpolitikk. Stortinget vedtok då at det skal gjerast ein gjennomgang av arbeidet som blei gjort av miljøkartlegging i skog for å sikre at kvaliteten og føresetnadene i MiS-ordninga som skognæringa forvaltar, er i tråd med intensjonane: å bevare biologisk mangfald i norsk skog.

Det eg lurer på, er om KLD og klima- og miljøministeren som øvste ansvarlege for biologisk mangfald, er involvert i dette kvalitetssikringsarbeidet. Har arbeidet starta opp, og vil Klima- og miljødepartementet stille krav til gjennomgangen og kome med forslag til endringar som gjev betre kvalitet i registreringane?


Les hele debatten