Spørretimespørsmål fra Olav Akselsen (A) til justisministeren

Datert: 06.12.1989
Besvart: 13.12.1989 av justisminister Else Bugge Fougner

Olav Akselsen (A)

Spørsmål

Olav Akselsen (A): "Den 3. oktober 1989 hadde Adresseavisa eit oppslag om ei åtte år gamal jente som vart angripen og biten av ein hund. Som fylgje av dette vart halve øyre reve av og ho måtte sy nærare 40 sting. Forholdet vart meldt til politiet, men saka vart lagt bort. Om ein sau vert angripen, kan saueigaren forlanga hunden avliva med øyeblikkeleg verknad.
Er det slik at fe har betre rettsvern enn folk?"