Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til fiskeriministeren

Om at fiskeriministeren i 2012 slo fast at dersom ein la ned _Norway Seafoods produksjon i Hammerfest_, vart kvotane liggjande igjen på kaikanten, og om noverande fiskeriminister kan gi same forsikring til lokalsamfunna

Datert: 15.01.2014
Besvart: 15.01.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Torsken og kvitfisknæringa er i fokus for tida. Striden står om Røkke sine fiskekvotar, som er verdt mellom 1 mrd. kr og 1,5 mrd. kr samt dei årlege meirinntektene frå fangst, produksjon og vidaresal av fisken. Røkke fekk i si tid kjøpa ei rekkje fiskebedrifter med trålarar og kvotar under føresetnad av at fisken vart levert til fabrikkane på land, og såleis sikra arbeidsplassane i nordnorske fiskevær og byar.
Våren 2012 forsøkte Norway Seafoods seg på å samla hovudtyngda av produksjonen på to anlegg – Båtsfjord i Finnmark og Stamsund i Nordland. Desse planane vart lagt bort fordi det ikkje var politisk vilje til å lempa på konsernet si leveringsplikt. Dåverande fiskeriminister slo m.a. fast at dersom ein la ned produksjonen i Hammerfest, så vart kvotane liggjande igjen på kaikanten.
Kan den noverande fiskeriministeren gi same forsikring til dei lokalsamfunna det gjeld?

Les hele debatten