Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om hva i all verden som er _næringsstrategien for Nord-Norge_, med henvisning til kutt i regionale utviklingsmidler og satsing på fiskeri, landbruk og skog
Datert: 05.02.2014
Besvart: 05.02.2014 av næringsminister Monica Mæland

Torgeir Knag Fylkesnes (SV): Mitt spørsmål går til næringsministeren.
Kunnskapsinnhentinga til Næringsdepartementet, som Næringsdepartementet styrte, viser at moglegheitene i nord er enorme. Ein konklusjon frå kunnskapsinnhentinga var at framtidig vekst og velstand i Noreg er avhengig av at ein tar i bruk dei moglegheitene som finst i nord. Da var det spesielt dei grøne moglegheitene i nord som utmerka seg, der petroleum og gass hamnar på ein åttandeplass. Det er fiskeri, det er oppdrett, det er reiseliv, osv. Men det er ikkje gitt at desse moglegheitene blir tatt i bruk. Det er eit politisk spørsmål, det handlar om å investere. Det er heller ikkje gitt at desse moglegheitene kjem nordlendingane til gode.
Etter at den nye regjeringa kom til makta, har det føregått ei systematisk kutting av investeringane i Nord-Noreg. Dei regionale utviklingsmidlane, som har vore avgjerande for å utvikle ein infrastruktur for samordna innovasjon og utvikling i Nord-Noreg, har blitt kutta med ein tredjedel. Dei store satsingane på fiskeriet, på kvitfisk, på Marint verdiskapingsprogram, har blitt kutta kraftig. Føringstillegg, fisketillegga og lineegnetilskotet har blitt kutta kraftig. Innanfor landbruk har det blitt kutta kraftig, og innanfor skog har det også vore store kutt.
Spørsmålet mitt til næringsministeren er derfor: Som næringsministar, kva i all verda er næringsstrategien for Nord-Noreg?