Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om at fiskeriministeren vil sjå på om _leveringsplikta faktisk er vareteken_, og hva ein vil bruka denne kunnskapen til
Datert: 05.03.2014
Besvart: 05.03.2014 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Ingrid Heggø (A): Spørsmålet mitt går til fiskeriministeren.
Kystaksjonen og kampen for å sikra fisken som folkets eigedom har nådd Oslo denne veka. Panikken må jo no ha innteke Høgre, som skryt av at dei har fremja forslag i Stortinget om leveringsplikta i 2012. Dette kunne vi lesa i nettutgåva til Dagbladet i dag. Høgres Bakke-Jensen viser til at vi raud-grøne var høglydt imot dette forslaget, og at vi stemde det ned. Det Høgre gløymer å seia i denne samanhengen, er at forslaget gjekk ut på ei oppmjuking av leveringspliktene – altså stikk i strid med det folket krev, nemleg at fisken er folkets eigedom og skal leverast i dei avtalte lokalsamfunna.
Når eg høyrer på utsegnene frå fiskeriministeren, er det nærliggjande å spørja: Tek heile kysten feil? Ministeren uttalte òg i Aktuelt på måndag at ho ikkje såg nokon grunn til å stramma inn leveringsplikta. Men i Dagbladet same dag sa fiskeriministeren at ho ville granska dette og sjå på om leveringsplikta faktisk var vareteken.
Det er jo fint med ein gjennomgang – det støttar vi – men kva vil Aspaker bruka denne kunnskapen til?