Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kvifor norske myndigheiter har _avvist Russland sine førespurnader_ om å gjennomføre ein russisk-norsk minneseremoni om marinesoldatar som omkom under 2. verdskrig og hjelp til å få heva fire omkomne krigsheltar frå eit flyvrak i havet utanfor Berlevåg
Datert: 22.01.2015
Besvart: 28.01.2015 av forsvarsminister Torbjørn Røe Isaksen

Liv Signe Navarsete (Sp): ABC-nyheiter skreiv laurdag 17. januar at den russiske ambassaden i fjor bad om hjelp til å få heva fire omkomne krigsheltar frå eit flyvrak i havet utanfor Berlevåg. Norske myndigheiter har no avslått oppmodinga. Samstundes har regjeringa sagt nei til førespurnaden om å gjennomføre ein felles russisk-norsk minneseremoni om Nordflåtens marinesoldatar som omkom under 2. verdskrig.
På kva for nivå er førespurnadene vurdert, og kvifor er Russland sine førespurnader avvist?