Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Ingunn Gjerstad (SV) til klima- og miljøministeren

Om kva plan klima- og miljøministeren har for å _betra luftkvaliteten_, all den tid regjeringspartia stemmer mot forslag etter forslag for å betra den, og om når dei som slit med astma og sjukdom kan venta betring

Datert: 18.03.2015
Besvart: 18.03.2015 av klima- og miljøminister Tine Sundtoft

Ingunn Gjerstad (SV)

Spørsmål

Ingunn Gjerstad (SV): I Noreg døyr om lag 1 500 menneske kvart år av forureina luft. I Oslo stig dødstala på dagar med høg forureining. For ein månad sidan åtvara Oslo kommune mot å ta med små barn ut i enkelte område i byen. Groruddalen, der eg bur, er ille råka. I Bergen er situasjonen òg ille. Foreldra går med klump i magen fordi barna ikkje stoppar å hosta i den giftige vinterlufta. Vi veit at biltrafikken er hovudårsaka til problemet. No viser nye tal frå Statens vegvesen at vegtrafikken auka både i Oslo og Akershus i 2014, trass i målsetjingane om nullvekst. Seinast i går stemte Høgre og Framstegspartiet mot ei rekkje forslag i Stortinget for å betra luftkvaliteten. Ein stemte mot forslag om nye verkemiddel for å avgrensa bilbruken på riksvegane når luftforureininga er høg. Ein stemte mot miljødifferensierte bompengar for å redusera luftforureininga, mot auka avgifter på fossil fyring, mot tiltak for å etablera fleire kollektivfelt i akutte situasjonar – og mange fleire forslag.
Mitt spørsmål er: Kva er klima- og miljøministeren sin plan for å betra situasjonen, all den tid regjeringspartia stemmer mot forslag etter forslag for å betra luftkvaliteten? Og når kan dei som slit med astma og sjukdom, venta betring?

Les hele debatten