Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om det er sånn at justisministeren til liks med statsministeren meiner at _Odins soldater har eit farleg verdisyn_
Datert: 02.03.2016
Besvart: 02.03.2016 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Hadia Tajik (A): Framstegspartiets talsperson Jan Arild Ellingsen sa i Politisk kvarter den 23. februar at han gav honnør til den sjølverklærte borgarvernsgruppa Odins soldater. Det grunngav han bl.a. med at norsk politi ikkje har nok ressursar til å gjera jobben sin.
Det er minst to ting som er oppsiktsvekkjande med dette. For det fyrste er det det med at det partiet som har det øvste ansvaret for å skapa tryggleik i gatene og å sørgja for at politiet har nok ressursar til å kunna gjera det, sjølv meiner at dei ikkje får det til. For det andre er det oppsiktsvekkjande at eit regjeringsparti gjev honnør til det som er ei borgarvernsaktig gruppe, som opphavleg vart stifta av ein sjølverklært nynazist i Finland, der den norske talspersonen har vore ein person med tilknyting til Norwegian Defence League, og der symbola som gruppa spelar på, heilt klart er høgreekstreme symbol.
Same dagen tok statsministeren tydeleg avstand frå utsegnene til Framstegsparti-representanten. Ho la òg til – og dette er det viktige – at dei har eit farleg verdisyn. Same dagen uttalte òg justisministeren seg. Hans kommentar var at det er politiet som skal tryggja gatene, og at han har vanskeleg for å sjå at Odins soldater har ei rolle i denne samanhengen. Han tok ikkje, sjølv om han hadde moglegheita til det, avstand frå det verdisynet som Odins soldater representerer. Så det tenkte eg at eg kunne gje han moglegheita til å gjera i dag.
Er det sånn at justisministeren til liks med statsministeren meiner at Odins soldater har eit farleg verdisyn?