Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Muntlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til statsministeren

Om det er akseptabelt at _politiet lèt vera å gripa inn mot alvorleg kriminalitet_ av omsyn til manglande etterforskingskapasitet og svake budsjett, med bakgrunn i alvorleg narkotikakriminalitet i Bergen

Datert: 16.11.2016
Besvart: 16.11.2016 av statsminister Erna Solberg

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): VG og andre medium har dei seinaste dagane fortalt om ein tilstand i Bergens-politiet som er så vanvettig at det er nesten ikkje mogleg å tru. Politiet har ikkje moglegheit til å gripa mot alvorleg narkotikakriminalitet, og bakmennene går fri. Justisministeren i regjeringa og hans parti snakka ofte før valet om at ein skulle senda kriminelle utlendingar på første fly ut av landet. Realiteten i Bergen no er at politiet følgjer etter narkolangarar med narkotika på bussen, og dei er usynlege vitne.

Statsministeren forsøkjer i dagens VG å gjera dette til eit spørsmål om behandlingstid for varsel og varslingssaka. Det er viktig nok, det, men statsministeren tek med det merksemda vekk frå den grunnleggjande leiings- og byråkratikrisa som er i politiet. I konsulentanes verd vert det formulert slik i kriminalitetsanalysen:


«Ressurssituasjonen per nå tilsier at en har liten mulighet til å initiere nye store saker i politidistriktet.»

I den verkelege verda er det dei kriminelle som bestemmer kor mange store saker det er. Det er ikkje eit vedtak som politiet har moglegheit til å styra over.

Mitt spørsmål er: Meiner statsministeren at det er akseptabelt at politiet lèt vera å gripa inn mot alvorleg kriminalitet av omsyn til manglande etterforskingskapasitet og svake budsjett?

Les hele debatten