Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden vil ta tydeleg avstand frå innhaldet i ein _kampanje for å hindre at flyktningar og migrantar legg ut på reise til ingen nytte_, og kva regjeringa gjer for å korrigere det bildet som er skapt av nådelause norske legar som nektar pasientar helsehjelp
Datert: 11.10.2017
Rette vedkommende: Innvandrings- og integreringsministeren
Besvart: 18.10.2017 av innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug

Kjersti Toppe (Sp): Justis- og beredskapsdepartementet har tatt initiativ til og finansiert ein kampanje for å hindre at flyktningar og migrantar legg ut på reise til ingen nytte. Kampanjen viser ein lege som seier til ein person at personalet ved sjukehuset vil nekte han behandling fordi han manglar dokument.
Vil statsråden ta tydeleg avstand frå innhaldet i denne informasjonsformidlinga, og kva gjer regjeringa for å korrigere det bildet som er skapt av nådelause norske legar som nektar pasientar helsehjelp?