Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Spørretimespørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Om statsråden kan gje døme på eit NATO-land som han meiner har eit like sterkt forsvar som Noreg har som ambisjon å ha, og som _ikkje har dedikerte helikopter til sin hærstyrke_

Datert: 23.11.2017
Besvart: 29.11.2017 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det er sterk motstand mot regjeringa si flytting av Hæren sine helikopter og nedlegginga av 339-skvadronen på Bardufoss. Utan helikopter mister Hæren moglegheit til mellom anna strategisk flytting av soldatar og utstyr, til å evakuere skadde soldatar på ein god måte og til å drive rekognosering og kontroll.
Kan statsråden gje døme på eit NATO-land som han meiner har eit like sterkt forsvar som Noreg har som ambisjon å ha, og som ikkje har dedikerte helikopter til sin hærstyrke?

Les hele debatten