Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om statsråden trur at ein kan spare seg fram til å _hjelpe fleire barn og ta fleire overgriparar_, med bakgrunn i at det er langt fleire valds- og overgrepssaker mot barn, men ikkje nok ressursar
Datert: 14.02.2018
Besvart: 14.02.2018 av justis-, beredskaps- og innvandringsminister Sylvi Listhaug

Lene Vågslid (A): Spørsmålet mitt går til justisministeren.
Omfanget av melde valds- og overgrepssaker mot barn er sterkt aukande. Det er så langt fleire saker, men ikkje nok ressursar. Auken i sakene har ikkje vore overraskande, det har vore ein stigande tendens i fleire år. Politidistrikta som skal etterforske og ta sakene for domstolen, har fått eit redusert handlingsrom, ja faktisk om lag ein halv milliard mindre på fire år. Barn må vente lenger enn før på avhøyr, noko som ikkje er bra for ungane og heller ikkje for etterforskinga.
I Oslo politidistrikt blir det rapportert om at valdtektssaker mot kvinner no blir liggjande på vent fordi ein ikkje har ressursar til å fylgje opp. Dette går ikkje an. Det bekymrar meg, og eg forventar at justisministeren har gode svar på korleis dette skal løysast.
Justisministeren og regjeringa snakkar om at overgriparar skal takast, og skryt av satsingar me andre ikkje har sett. Det me har sett til no, er ein såkalla effektiviseringskuttreform for politiet på godt over 100 mill. kr, som et opp alle nye midlar. Me har heller ikkje fått eit einaste godt svar på kva som skal ha blitt meir effektivt.
Spørsmålet mitt til statsråden er: Trur statsråden at ein kan spare seg fram til å hjelpe fleire barn og ta fleire overgriparar?